Hei!
Mitt namn er Dagny Sunde. Lidenskapen min for foto vil eg bruke til å glede andre, og å hjelpe dykk å ta vare på minnene. Fotografi er ein verdifull, kunstnerisk og vakker dokumentasjon på liva til dei vi er glade i.
Forevige dei store augneblinka i livet! Anten i mitt studio, utandørs her på Eid eller i dykkar omgjevnadar utanbygds. Finn fotograferinga for deg!
Fotostudioet mitt i Eidsgata vart opna i juni 2021. Sidan det har eg hatt glede av å fotografere minneverdige stunder for familiar i Nordfjord og omegn.
Frå 12-årsalderen har eg drive med fotografering, og eg fann raskt ut at dette var noko eg ville satse på. Etter mange år med kameraet i handa, og fleire nyfødt- og gravidfotokurs i ryggen, kan eg tilby ein profesjonell tryggheit.
Velkomen til ei fin og positiv foto-oppleving, med eit stødig biletresultat som de vil sette pris på i mange år.
- Dagny
PS: Gåvekort er tilgjengeleg, om du vil gje noko ekstra fint til nokon du er glad i!
Foto: Jostein Vedvik
"Profesjonelt og personleg"
Vi har brukt Dagny til fotografering to gongar no, og har vore like nøgde begge gongane. Ho tek seg god tid, får god kontakt med barna og lagar den gode stemninga som viser att i bileta. Ho er opptatt av å gi gode tenester, og det kjem fram både under planlegginga og i etterarbeidet. Det har vore profesjonelt og personleg tilpassa heile vegen, og vi kjem til å fortsette å bruke Dagny framover.
