Familiefotografering
Ved familiefotografering har vi ei kjekk stund med voksne og barn, gjerne ute i naturen. Vi tek bilete av heile familien samla, ungane i lag og aleine og foreldra i lag og aleine (om ynskjeleg).
Ei slik fotografering er ein unik dokumentasjon på dykk saman med dei dokke er glade i. Utruleg kjekt å få opp på veggen heime, og verdifulle bilete for barna å sjå på ettersom dei blir eldre.
Ynskjer de å ta oppstilte bilete? Kanskje av heile storfamilien med fleire generasjonar? Ynskjer de bilete ute i naturen med leik og latter, der ungane får springe frå seg litt? Her kan du få begge deler!
Pris: 1800,- (prisen gjeld fotografering. Bileta kjøper ein i etterkant).
"Vi hadde ein kjekk ettermiddag i lag med flinke Dagny, som tok flotte familiebilder av oss! Dagny er ein veldig fleksibel og dyktig fotograf, og vi kunne ikkje vore meir fornøgd med resultata! Familiebilda er ramma inn og prydar heimane våre"
-Aud og Jarle m/familie
generasjonsfotografering
Ta med storfamilien på fotografering
Samle foreldre, søsken, barn, nieser og nevøar for ei unik oppleving i lag. Ein fin aktivitet for storfamilien, og utruleg kjekke bilete å ha med tida. Tenk så kjekt for barna å ha eit slikt minnestykke med dei aller nærmast frå barndomen. Ei slik storfamiliefotografering er ei perfekt gåve å gje til mor og/eller far i f.eks. 60/70/80-årsgåve!
Dagny Sunde Foto er tilgjengeleg for generasjonsfotografering i feriar og andre høgtider når familien uansett er samla.
"Altså, FOR noken bilder. Eg har sagt det før, men seier det igjen; du er RÅ! Virkelig så takknemlig. Det er uten tvil den beste julegåva vi har fått!"
-Madeleine
Slik gjer vi det
Du tek kontakt
STEG 1
Du kontaktar meg med ønskjer for din fototime. Vi avtaler detaljar, og finner ut fotolokasjon saman.
Betaling for fotografering vert fakturert ved booking.
Fotograferinga
Steg 2
Vi møtast i studio eller ved planlagt lokasjon til avtalt tidspunkt. Vi gjennomfører fotograferinga, tar oss god tid, har det kjekt, og tilpassar oss barna/barnet sine behov. Dette er ei kjekk og minnerik stund for familien.
Bestillingstime
STEG 3
Etter fotograferinga finner vi ei tid der de kjem tilbake for bestillingstime, som regel innan 14 dagar. Saman ser vi gjennom bileta, og de kan plukke ut dykkar favorittar. Her kan de få hjelp til å velge ut dei beste produkta for akkurat dykkar bilete.
Levering
Steg 4
Personleg kunst klar til å pryde heimen! Vel sjølv om de vil hente produkta i studio eller få dei tilsendt.
Leveringstid på digitale filer er 2-6 veker etter registrert betaling. Leveringstid på produkt er 3-8 veker*.
*Forseinkingar kan forekome i periodar med ferietid eller stor pågang.
ALBUM og stort vegg-bilete
Familiebileta som eit fysisk arvestykke
Samle alle du er glad i i eit stort familiealbum. Dette er eit sosialt samlingspunkt for både barna, barnebarna og dei vaksne. Eit fysisk album å mimre tilbake til både i lag og aleine, og som kan arvast nedover i generasjonar.
Vel ut biletet med alle på, og få det opp stort på veggen i ei fin ramme. Då kan du sjå heile familien din kvar dag. Noko så fint!
OFTE STILTE SPØRSMÅL
Kva kan eg forvente når eg bookar fotografering hos DAGNY SUNDE FOTO?
Eg fotograferer ekte og naturlege menneske. Samtidig held eg meg til min fotostil, og det kunstneriske uttrykket eg skapar gjennom den. Barna skal føle seg trygge, og vi tar det i deira tempo. Under fotograferinga har vi ei uanstrengt og avslappa stemning, og målet er at alle skal føle seg komfortable framfor kamera.
Korleis skal vi kle oss til fotografering?
Ved familiefotografering er det veldig fint når alle sine antrekk matchar. Matche treng ikkje å bety at alle skal ha heilt like kvite t-skjorter. Derimot er det finare med litt variasjon i fargenyansar og teksturar. F.eks. kan ein blande strikk, dongeri og blondar. Nydeleg med jordfargar og andre avdempa fargar.
Viss ein vil vere kreativ, er det jo fint å bruke fargar som passar årstida. T.d. raudt, gult, grønt og oransje på hausten, eller lyse glade fargar på sommaren (pass på her at det ikkje blir skikkelig fargekrasj, hehe). I snøven på vinteren, er det fint med lyse kle, sidan svart og mørkt blir veldig hardt mot det kvite landskapet.
Unngå voldsomme mønster, knæsjfargar og store logoar, det ser fort rotete og kaotisk ut på eit bilete.
MÃ¥ vi reise til Nordfjordeid for fotograferinga?
Nei. Ynskjer du foto utandørs, køyrer eg gjerne dit du er (innan rimelighetens grenser, hehe). Då kjem ev. reiseutgifter i tillegg. 5,- per km ved køyring over 20 minutt kvar veg. Ynskjer du fotografering i studio, må du/dokke kome til fotostudioet mitt på Nordfjordeid.
Kan vi også ta bilete av besteforeldre med barnebarn?
Ja! Under ei familiefotografering tek vi bilete av alle kombinasjonane dokke vil.
Plukker vi ut bileta sjølve?
Ja. I etterkant av fotograferinga får du sjå eit lett redigert galleri med dei beste bileta frå din shoot. Desse går vi gjennom saman på ein bestillingstime i mitt studio.
Då kan de sjå fysiske eksempel på produkt, og ulike farge- og material-variantar.
Vi er ikkje så komfortable framfor kamera. Er det OK?
Sjølvsagt! Dei færraste er vande med å stå framfor eit kamera på denne måten, men det går som regel fint! Vi prøver å halde ei uhøgtideleg stemning, der vi fangar kjærleiken mellom foreldre, søsken og barn.
Korleis vert fotolokasjon bestemt?
Ved utefotografering har eg fleire lokasjonar i Eid og omegn som eg liker godt og brukar mykje. Eg foreslår gjerne dei, eller andre eg synest kan passe. Elles står du fritt til å foreslå lokasjonar sjølv. Kanskje du har ein plass som er spesiell for deg, og ynskjer å ta bileta der?
Utefoto: Kva om det regnar?
Dersom det blir dårleg veir den dagen vi har avtalt fotografering, så avtaler vi ein ny dag. Heilt ukomplisert. Det er også ein moglegheit å flytte fotograferinga inn i studio på Nordfjordeid, viss de heller ynskjer det.


