Den første bursdagen!


Få flotte bilete av 1-åringen. Ein stor milepæl både for de foreldre og barnet. Denne tida går så fort, plutseleg er ungane store! Ta vare på den spesielle tida ved å sikre deg dei klassiske 1-årsbileta. Du vil sitte igjen med nydelege, verdifulle bilete å mimre tilbake til babytida med.


Lurer du på korleis vi kan fange desse unike augneblinka av din(e) kjære? Ta kontakt på mail for ein prat!


Pris: 1800,- (prisen gjeld fotografering. Bileta kjøper ein i etterkant).


PS: Har du vore på nyfødtfotografering hjå meg, får du 30% rabatt på 1-årsfotograferinga.

"Eg er forelska i bileta!

Tusen takk for flotte bilete. Du har skapt vakre minner for oss. Du gjer ein fantastisk jobb! "


-IZABELLA

Slik gjer vi det

Du tek kontakt


STEG 1


Du kontaktar meg med ønskjer for din fototime. Vi avtaler detaljar, og du kan kome med ønsker på fargar, rekvisittar, spesifikke bilete. Kanskje du også ynskjer søsken/familie-foto?


Betaling for fotografering vert fakturert ved booking.

Fotograferinga


Steg 2


Vi møtast i studio eller ved planlagt lokasjon til avtalt tidspunkt. Vi gjennomfører fotograferinga, tar oss god tid, har det kjekt, og tilpassar oss barna/barnet sine behov. Dette er ei kjekk og minnerik stund for familien.

Bestillingstime


STEG 3


Etter fotograferinga finner vi ei tid der de kjem tilbake for bestillingstime, som regel innan 14 dagar. Saman ser vi gjennom bileta, og de kan plukke ut dykkar favorittar. Her kan de få hjelp til å velge ut dei beste produkta for akkurat dykkar bilete.

Levering


Steg 4


Personleg kunst klar til å pryde heimen! Vel sjølv om de vil hente produkta i studio eller få dei tilsendt.


Leveringstid på digitale filer er 2-6 veker etter registrert betaling. Leveringstid på produkt er 3-8 veker*.


*Forseinkingar kan forekome i periodar med ferietid eller stor pågang.

Cake smash!

 

 

 

 

Kom til ferdig oppblåste ballongar, baka kake og bursdagsstemning. Velger du 1-årsfotografering med cake smash, får du bilete med skikkelig bursdagsstemning. Gjer stas på den første fødselsdagen!

+500,-

"Veldig positiv opplevelse. Fotografen er varm og tålmodig. Har vært hos Dagny to ganger og hadde en like god opplevelse begge gangene. Kvaliteten på bildene er svært gode og fotografen har god kommunikasjon gjennom mail og sosiale plattformer"


-LENE


VEGG-BILETE


Få 1-årsbileta opp på veggen!


Det er sagt at barn som veks opp i ein heim med bilete av seg sjølv, får betre sjølvtillit. Gjer stua og barnerommet noko eige og unikt ved å henge opp personleg kunst.

OFTE STILTE SPØRSMÅL

Kva kan eg forvente når eg bookar fotografering hos DAGNY SUNDE FOTO?

Eg fotograferer ekte og naturlege menneske. Samtidig held eg meg til min fotostil, og det kunstneriske uttrykket eg skapar gjennom den. Barna skal føle seg trygge, og vi tar det i deira tempo. Under fotograferinga har vi ei uanstrengt og avslappa stemning, og målet er at alle skal føle seg komfortable framfor kamera.

Korleis skal vi kle oss til fotografering?

Eg har fleire antrekk i str. 80-90 til utlån. Ta gjerne med antrekk sjølv viss de vil, og personlege ting som bamse (o.l.) som de ynskjer på bilete.

Dersom de ynskjer søsken/familiefoto med 1-åringen, er det greitt at søsken og foreldre har på seg nøytrale kle som passar i lag. Eksempel på dette kan vere blondar, strikk, dongeri og elles kle med nøytrale fargar (t.d. jordfargar er nydeleg).

Unngå voldsomme mønster, knæsjfargar og store logoar, det ser fort rotete og kaotisk ut på eit bilete.

Vi er ikkje så komfortable framfor kamera. Er det OK?

Sjølvsagt! Dei færraste er vande med å stå framfor eit kamera på denne måten, men det går som regel fint! Vi prøver å halde ei uhøgtideleg stemning, der vi fangar kjærleiken mellom foreldre, søsken og barn.

Korleis vert fotolokasjon bestemt?

Ved utefotografering har eg fleire lokasjonar i Eid og omegn som eg liker godt og brukar mykje. Eg foreslår gjerne dei, eller andre eg synest kan passe. Elles står du fritt til å foreslå lokasjonar sjølv. Kanskje du har ein plass som er spesiell for deg, og ynskjer å ta bileta der?

Vil du ha både studio- og utebilete? Null problem!
+500,- for begge deler :-)

Utefoto: kva om det regnar?

Dersom det blir dårleg veir den dagen vi har avtalt fotografering, så avtaler vi ein ny dag. Heilt ukomplisert. Det er også ein moglegheit å flytte fotograferinga inn i studio på Nordfjordeid, viss de heller ynskjer det.

Plukker vi ut bileta sjølve?

Ja. I etterkant av fotograferinga får du sjå eit lett redigert galleri med dei beste bileta frå din shoot. Desse går vi gjennom saman på ein bestillingstime i mitt studio.

Då kan de sjå fysiske eksempel på produkt, og ulike farge- og material-variantar.

Må vi ta med kake sjølv til cake smash?

Nei. De treng ikkje å ta med noko som helst til cake smash, eg har alt! Ballongar, bursdagspynt og kake er klart når de kjem. Med mindre de har antrekk sjølv de ynskjer å bruke, kan de låne det òg.

Må vi reise til Nordfjordeid for fotograferinga?

Nei. Ynskjer du foto utandørs, køyrer eg gjerne dit du er (innan rimelighetens grenser, hehe). Då kjem ev. reiseutgifter i tillegg. 5,- per km ved køyring over 20 minutt kvar veg. Ynskjer du fotografering i studio, må du/dokke kome til fotostudioet mitt på Nordfjordeid.

Ved ynskje om både studio- og utebilete (+500,-), velger vi ein fin lokasjon i nærleiken av studio.

Kan vi også ta søsken/familiebilete?

Ja!