Gravidfotografering


Velkomen til gravidfotografering! Forevige ventetida med flotte gravidbilete. Dette er også ei fin gåve å gje til nokon som fortener det! Vanlegvis gjer vi denne typen foto når du er i veke 25-35, men det viktigaste er at du føler deg bra og klar for fotografering.


Foreving av ei spesiell tid som dei fleste får oppleve berre nokre få gonger i løpet av livet.

- Tek vanlegvis 1 time.

- Fotografering i studio eller utandørs.



Pris: 1800,- (prisen gjeld fotografering. Bileta kjøper ein i etterkant).


  • Pakketilbud: Bestiller du både gravid- og nyfødtfotografering, får du halv pris på nyfødtfoto, altså totalt 2700,-. Du sparar 900,-.


Slik gjer vi det

Du tek kontakt


STEG 1


Du kontaktar meg med ønskjer for din fototime. Vi avtaler detaljar, og du kan kome med dine ynskjer. Vi finner ut fotolokasjon saman.


Betaling for fotografering vert fakturert ved booking.

Fotograferinga


Steg 2


Vi møtast i studio eller ved planlagt lokasjon til avtalt tidspunkt. Vi gjennomfører fotograferinga, tar oss god tid, har det kjekt, og skapar dine drømmebilete. Ein heilt eigen dag for deg (og din partner, ved ynskje).

Bestillingstime


STEG 3


Etter fotograferinga finner vi ei tid der de kjem tilbake for bestillingstime, som regel innan 14 dagar. Saman ser vi gjennom bileta, og de kan plukke ut dykkar favorittar. Her kan de få hjelp til å velge ut dei beste produkta for akkurat dykkar bilete.

Levering


Steg 4


Personleg kunst klar til å pryde heimen! Vel sjølv om de vil hente produkta i studio eller få dei tilsendt.


Leveringstid på digitale filer er 2-6 veker etter registrert betaling. Leveringstid på produkt er 3-8 veker*.


*Forseinkingar kan forekome i periodar med ferietid eller stor pågang.

OFTE STILTE SPØRSMÅL

Kva kan eg forvente når eg bookar fotografering hos DAGNY SUNDE FOTO?

Eg fotograferer ekte og naturlege menneske. Samtidig held eg meg til min fotostil, og det kunstneriske uttrykket eg skapar gjennom den. Barna skal føle seg trygge, og vi tar det i deira tempo. Under fotograferinga har vi ei uanstrengt og avslappa stemning, og målet er at alle skal føle seg komfortable framfor kamera.

Korleis skal eg kle meg til gravid-fotografering?

I mitt studio har eg mange flotte gravidkjolar og stoff i ulike storleikar. Dei kan du låne fritt frå. Eg sender deg gjerne bilete av desse på førehand.

Ellers er det veldig fint om du har med noko basis-plagg sjølv. Til dømes ei litt røff dongeribukse og ei (stor?) skjorte/t-skjorte/strikkagenser. Vil du ha undertøysbilete, ta med undertøy du synest er fint og føler deg komfortabel i. Det kan også vere lurt å ha med bh og truse i beige/nude, som ikkje viser under kjolane/antrekka.

Skal partner og ev. storesysken vere med, pass på at dei har nøytrale kle som passar fint saman med dine antrekk.

Unngå voldsomme mønster, knæsjfargar og store logoar, det ser fort rotete og kaotisk ut på eit bilete.

MÃ¥ vi reise til Nordfjordeid for fotograferinga?

Nei. Ynskjer du foto utandørs, køyrer eg gjerne dit du er (innan rimelighetens grenser, hehe). Då kjem ev. reiseutgifter i tillegg. 5,- per km ved køyring over 20 minutt kvar veg. Ynskjer du fotografering i studio, må du/dokke kome til fotostudioet mitt på Nordfjordeid.

Kven kan vere med på gravidfotografering?

Ta gjerne med deg partner og ev. storesysken, viss du vil ha nokre fine minner med heile gjengen frå ventetida <3

HÃ¥r og sminke?

Kom på fotografering slik du føler deg mest komfortabel. For nokre betyr det mykje sminke, for andre litt sminke, og for nokre ingen sminke. Same med håret. Vil du krølle det, rette det, sette det opp? Gjer det som følast deg, og slik du føler deg fresh og fin!

Plukker vi ut bileta sjølve?

Ja. I etterkant av fotograferinga får du sjå eit lett redigert galleri med dei beste bileta frå din shoot. Desse går vi gjennom saman på ein bestillingstime i mitt studio.

Då kan de sjå fysiske eksempel på produkt, og ulike farge- og material-variantar.

Vi er ikkje så komfortable framfor kamera. Er det OK?

Sjølvsagt! Dei færraste er vande med å stå framfor eit kamera på denne måten, men det går som regel fint! Vi prøver å halde ei uhøgtideleg stemning, der vi fangar kjærleiken mellom foreldre, søsken og barn.

Korleis vert fotolokasjon bestemt?

Ved utefotografering har eg fleire lokasjonar i Eid og omegn som eg liker godt og brukar mykje. Eg foreslår gjerne dei, eller andre eg synest kan passe. Elles står du fritt til å foreslå lokasjonar sjølv. Kanskje du har ein plass som er spesiell for deg, og ynskjer å ta bileta der?

Utefoto: Kva om det regnar?

Dersom det blir dårleg veir den dagen vi har avtalt fotografering, så avtaler vi ein ny dag. Heilt ukomplisert. Det er også ein moglegheit å flytte fotograferinga inn i studio på Nordfjordeid, viss de heller ynskjer det.