Konfirmant-fotografering


Skal de ha konfirmasjon i år? Bilete av konfirmanten frå ein viktig milepæl i livet. Fine bilete å bruke på takkekorta. Ved konfirmantfotografering kan du gjerne ha med to antrekk, dersom du ynskjer det. Vi tek gjerne desse portretta ein dag før eller etter sjølve konfirmasjonsdagen. Då får vi god tid til bileta, og konfirmanten og foreldra slepp å stresse med dette på sjølve dagen!


- Tek vanlegvis 1 time.

- Fotografering i studio eller utandørs.


Pris: 1800,- (prisen gjeld fotografering. Bileta kjøper ein i etterkant).

Slik gjer vi det

Du tek kontakt


STEG 1


Du kontaktar meg med ønskjer for din fototime. Vi avtaler detaljar, og finner ut fotolokasjon saman.


Betaling for fotografering vert fakturert ved booking.

Fotograferinga


Steg 2


Vi møtast i studio eller ved planlagt lokasjon til avtalt tidspunkt. Vi gjennomfører fotograferinga, tar oss god tid, har det kjekt. Dette er ei kjekk og minnerik stund for familien.

Bestillingstime


STEG 3


Etter fotograferinga finner vi ei tid der de kjem tilbake for bestillingstime, som regel innan 14 dagar. Saman ser vi gjennom bileta, og de kan plukke ut dykkar favorittar. Her kan de få hjelp til å velge ut dei beste produkta for akkurat dykkar bilete.

Levering


Steg 4


Personleg kunst klar til å pryde heimen! Vel sjølv om de vil hente produkta i studio eller få dei tilsendt.


Leveringstid på digitale filer er 2-6 veker etter registrert betaling. Leveringstid på produkt er 3-8 veker*.


*Forseinkingar kan forekome i periodar med ferietid eller stor pågang.

OFTE STILTE SPØRSMÅL

Kva kan eg forvente når eg bookar fotografering hos DAGNY SUNDE FOTO?

Eg fotograferer ekte og naturlege menneske. Samtidig held eg meg til min fotostil, og det kunstneriske uttrykket eg skapar gjennom den. Barna skal føle seg trygge, og vi tar det i deira tempo. Under fotograferinga har vi ei uanstrengt og avslappa stemning, og målet er at alle skal føle seg komfortable framfor kamera.

Kva antrekk skal konfirmanten ha på?

Til konfirmasjonsfotografering har konfirmanten gjerne på seg bunad eller anna finstas. Om konfirmanten heller vil ha kvardagslege kle, eller t.d. fotballdrakta, er det heilt topp! Vi kan gjerne fotografere med fleire antrekk også. Det viktigaste er at ungdomen har eit antrekk hen føler seg komfortabel og fin i!

Skal foreldre og/eller søsken vere med på nokre bilete, er det veldig fint når alle sine antrekk matchar. Matche treng ikkje å bety at alle skal ha heilt like kvite t-skjorter. Derimot er det finare med litt variasjon i fargenyansar og teksturar. F.eks. kan ein blande strikk, dongeri og blondar. Nydeleg med jordfargar og andre avdempa fargar.

Unngå voldsomme mønster, knæsjfargar og store logoar, det ser fort rotete og kaotisk ut på eit bilete.

MÃ¥ vi reise til Nordfjordeid for fotograferinga?

Nei. Ynskjer du foto utandørs, køyrer eg gjerne dit du er (innan rimelighetens grenser, hehe). Då kjem ev. reiseutgifter i tillegg. 5,- per km ved køyring over 20 minutt kvar veg. Ynskjer du fotografering i studio, må du/dokke kome til fotostudioet mitt på Nordfjordeid.

Kan vi også ta bilete av konfirmanten med foreldre og søsken?

Ja! Under ei konfirmantfotografering tek vi bilete av alle kombinasjonane dokke vil. Ta med besteforeldre og/eller kjæledyr også, om de det vil :-D

Plukker vi ut bileta sjølve?

Ja. I etterkant av fotograferinga får du sjå eit lett redigert galleri med dei beste bileta frå din shoot. Desse går vi gjennom saman på ein bestillingstime i mitt studio.

Då kan de sjå fysiske eksempel på produkt, og ulike farge- og material-variantar.

Vi er ikkje så komfortable framfor kamera. Er det OK?

Sjølvsagt! Dei færraste er vande med å stå framfor eit kamera på denne måten, men det går som regel fint! Vi prøver å halde ei uhøgtideleg stemning!

Korleis vert fotolokasjon bestemt?

Ved utefotografering har eg fleire lokasjonar i Eid og omegn som eg liker godt og brukar mykje. Eg foreslår gjerne dei, eller andre eg synest kan passe. Elles står du fritt til å foreslå lokasjonar sjølv. Kanskje du har ein plass som er spesiell for deg, og ynskjer å ta bileta der?

Utefoto: Kva om det regnar?

Dersom det blir dårleg veir den dagen vi har avtalt fotografering, så avtaler vi ein ny dag. Heilt ukomplisert. Det er også ein moglegheit å flytte fotograferinga inn i studio på Nordfjordeid, viss de heller ynskjer det.