Nyfødtfotografering


Velkomen til nyfødtfotografering i mitt studio på Nordfjordeid! Det må vere den skjønnaste fotograferinga ein kan gjere. Nydelige bilete frå babyen sine første dagar i ei heilt ny verd.


Dette er heilt spesielle bilete, som du ikkje kjem til å angre på at du tok. Babyen blir så fort større, tenk å ha slike biletminner å kunne mimre til.

 

Bileta av den nyfødte tek vi helst innan babyen er 14 dagar, men det er mogleg å gjennomføre seinare også! Eg noterer termindatoen din, så gjer du beskjed når babyen er komen til verda.


 

Pris: 1800,- (prisen gjeld fotografering. Bileta kjøper ein i etterkant).


  • Pakketilbud: Bestiller du både gravid- og nyfødtfotografering, får du halv pris på nyfødtfoto, altså totalt 2700,-. Du sparar 900,-.

"Vi er meget imponerte og fornøgde med bileta Dagny har fanga for oss"


-ANDERS OG VICTORIA


Slik gjer vi det

Du tek kontakt


STEG 1


Du kontaktar meg med din termindato. Vi avtaler detaljar, og du kan kome med ønsker på fargar, rekvisittar, spesifikke bilete. Kanskje du også ynskjer søsken/familie-foto?


Betaling for fotografering vert fakturert ved booking.

Fotograferinga


Steg 2


Når babyen er komen til verda, gjer du meg ein lyd, så finner vi ein dag for fotografering når babyen er ca. 7-14 dagar. Vi gjennomfører fotograferinga, tar oss god tid, og tilpassar oss babyen sine behov. Dette er ei koseleg og minnerik stund for familien.

Bestillingstime


STEG 3


Etter fotograferinga finner vi ei tid der de kjem tilbake for bestillingstime, som regel innan 14 dagar. Saman ser vi gjennom bileta, og de kan plukke ut dykkar favorittar. Her kan de få hjelp til å velge ut dei beste produkta for akkurat dykkar bilete.

Levering


Steg 4


Personleg kunst klar til å pryde heimen! Vel sjølv om de vil hente produkta i studio eller få dei tilsendt.


Leveringstid på digitale filer er 2-6 veker etter registrert betaling. Leveringstid på produkt er 3-8 veker*.


*Forseinkingar kan forekome i periodar med ferietid eller stor pågang.

Bilet-boks og vegg-plate


Dekorer heimen med nyfødtbileta på den beste måten


Vis fram dine 10 favorittbilete av babyen i eit nydeleg foldealbum. Dette er perfekt å sette på ei hylle eller ein kommode. Personleg dekorasjon som gjev rommet eit heimekoseleg preg.


Minn deg sjølv kvar dag på kor heldige dokke er, med eit stort veggbilete av dykkar skatt. Desse tre-platene gjev eit moderne uttrykk, samtidig som ein beheld det naturlege.

OFTE STILTE SPØRSMÅL

Kva kan eg forvente når eg bookar fotografering hos DAGNY SUNDE FOTO?

Eg fotograferer ekte og naturlege menneske. Samtidig held eg meg til min fotostil, og det kunstneriske uttrykket eg skapar gjennom den. Babyen blir "posert" kun i stillingar som dei er komfortable i, og hovudfokuset ligger på tryggleik, sikkerheit og forsiktighet. Under fotograferinga har vi ei uanstrengt og avslappa stemning, og målet er at alle skal føle seg komfortable framfor kamera.

Korleis skal vi kle oss til fotografering?

Eg har alt vi treng til nyfødtfotograferinga. Med mindre de har eit spesielt antrekk eller bamse (o.l.) som de ynskjer på bilete, så treng de ikkje å tenke på antrekk til babyen.

Dersom de ynskjer søsken/familiefoto med den nyfødte, er det greitt at søsken og foreldre har på seg nøytrale kle som passar i lag. Eksempel på dette kan vere blondar, strikk, dongeri og elles kle med nøytrale fargar (t.d. jordfargar er nydeleg).

Unngå voldsomme mønster, knæsjfargar og store logoar, det ser fort rotete og kaotisk ut på eit bilete.

Vi er ikkje så komfortable framfor kamera. Er det OK?

Sjølvsagt! Dei færraste er vande med å stå framfor eit kamera på denne måten, men det går som regel fint! Vi prøver å halde ei uhøgtideleg stemning, der vi fangar kjærleiken mellom foreldre, søsken og barn.

Kan vi også ta søsken/familiebilete?

Ja. Det gjer vi gjerne på slutten av fotograferinga. Det blir lenge for storesøsken å sitte gjennom heile fotograferinga, så viss dei har moglegheit å vere der kun til søsken/familie-bileta, er det optimalt. Vi løyser det uansett!

Plukker vi ut bileta sjølve?

Ja. I etterkant av fotograferinga får du sjå eit lett redigert galleri med dei beste bileta frå din shoot. Desse går vi gjennom saman på ein bestillingstime i mitt studio.

Då kan de sjå fysiske eksempel på produkt, og ulike farge- og material-variantar.

Når er det best å fotografere nyfødt?

Nyfødtfotografering gjer vi helst innan babyen er blitt 14 dagar. Dette er fordi vi ynskjer å fange den aller første tida, men også fordi då søv dei meir og det er enklare å ta dei typiske nyfødtbileta. På grunn av at ein bør gjere det så tidleg etter fødselsdagen, tar eg i mot nyfødt-bookingane i god tid før termin.

Må vi reise til Nordfjordeid for fotograferinga?

Nyfødtfotografering gjer vi i mitt studio på Nordfjordeid.

I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å ta med utstyr, og rigge opp til nyfødtfotografering i dykkar heim, t.d. om de bur langt vekke. Ta kontakt om dette skulle vere aktuelt for dykk, så ser vi om det let seg gjere!

Kva om babyen blir født utanfor termin?

Har du booka nyfødtfotografering med termindatoen, og babyen blir født ei stund før eller etter termin, så er du uansett garantert tid til fotografering. Dagny Sunde Foto held av ledige tider i dagane og vekene rundt termin, så vi skal alltids finne tid til å ta dykkar nydelege bilete. Om vi så må ta det i helg eller kveld, så går det også!